Øygardsbåtane gjennom 80 år.
1911-1991
Av Per Albert Lund
Publisert i Skipet 4/1999 ved Per Albert lund og Per Alsaker

      
  I Hordaland som i resten av kyst-Norge vart det utover i siste halvdel av 1800-talet skipa ei rekke lokale dampskipsselskap for å betre samferdsla. Pionerane var gjerne kjøpmenn og byborgarar som såg muligheter for økonomisk vinst ved slik rutefart. Men snart vart rutefarten tatt over av rutelag som vart skipa som lutlag av bygdefolka sjølve for å få til ei meir tenleg og sikker rutefart til beste for distrikta. Både Nordhordland, Midthordland, Hardanger og Sunnhordland hadde ved hundreårsskiftet forlengst etablert sine rutelag med ei rad dampskipsruter mellom Bergen og distrikta. Men i dei ytre delane av Midt- og Nordhordland, dvs. Sotra og Øygarden, var ruteferdsla på denne tida framleis dårleg organisert med sporadiske ruter trafikert av ymse private selskap utan tilknyting til distriktet dei trafikerte. Fleire rutebåtar hadde anløp av stader i Øygarden og på Sotra. H. J. W. Juuhl trafikerte området med
DS Løven og DS Rolf og Hermann Barstad hadde DS Lyngdal (seinare omdøypt til Herdla) og DS Sotra. Desse båtane hadde og ruter til Askøy og Nordhordland. Fleire selskap vart skipa, men måtte gje opp etter kortare eller lengre tid. I det heile ser det ut til at rutene i dette området var lite lønsame og det er tydeleg at distriktet leid under det dårlege rutesambandet.

Distriktet sitt eige selskap (1911-1930).

        Men i 1911 vart det ei brigde i dette. 21.september dette året vart Hjelme & Herlø Dampskibsselskap L/L (HHDS) stifta på garden Nautnes i Hjelme herad med ein aksjekapital på vel 12.000 kroner og med føremål å “underholde en tidsmessig dampskibs-forbindelse mellem Hjelme-Ytre Herlø og Bergen.”
DS Valestrand blei kjøpt for kr. 15.050.- og sett i fart under namnet Hjelma. Dette var selskapet sitt første skip og tonnasjen var på berre 97 brt. Ruteområdet var altså frå starten Hjelme herad og ytre Herlø, dvs. den delen av Herlø herad som låg vestom Hjeltefjorden. Dette området som består av ein rad øy ar utgjer i dag Øygarden kommune. Drifta må ha vore vanskeleg økonomisk, for i 1917 vart DS Hjelma selt og selskapet dreiv rutene med innleigde båtar, m.a. vart DS Alversund og seinare DS Lepsøy og DS Midthordland nytta.
Men dei som hadde skipa selskapet ga seg ikkje så lett. I 1917 kjøpte dei dampskipet Ingolfur av Reykjavik for kr. 105.000.-. Dette passasjerskipet var bygd ved Mjellem & Karlsen i Bergen i 1908 for Faxabugtens Dampskibsselskap i Reykjavik. Etter ombygging og modernisering fekk skipet namnet Øygar og pinseaftan 7.juni 1918 gjekk skipet flaggsmykka og nyoppussa sin første tur i rute til Øygarden.
DS Øygar var på 128 brt og med dette kjøpet hadde selskapet fått ein rutebåt som skulle syne seg svært tenleg, og som skulle kome til å bli i selskapet si eige i 58 år. Skrivemåten Øygar var ikkje i samsvar med vanleg rettskriving, men vart valt av direksjonen for å spare selskapet for 40 kroner, som var kostnaden med ein messing-D i namnet på skipet.
Det var eit vidgreint rutenett Øygar skulle trafikere. Hovudruta var Hernarruta som hadde anløp av dei fleste dampskipsbryggjene i Øygarden frå Vikavåg (Vik i Øygarden) og Torsvik (Torsteinsvik) på Toftøy og heilt nord til Nordøysund og Hennø (Hernar). Denne ruta gjekk tysdagar, torsdagar og laurdagar. I laurdagsruta med avgang frå Bergen kl 14.30 var Øygar ikkje framme ved endestoggestaden før klokka 00.30 om natta.
Øygar kom i fart i 1918 hadde dei private dampskipa Herdla og Sotra, som hadde ruter i området, lagt inn årene. Øygar tok difor også opp anløp av stader i nordre og vestre Fjell. Ei kortare rute gjekk såleis om fredagane med anløp av Solsvik og stadene på vestsida av Fjell herad, heilt sørtil Storesund og Nessjøen. Dette var den seinare Storesundruta. Stadene Våge, Foldnes, Gjeitanger, Ormevik, Knapskaug, Morlandstø og Kobbel- tvedt (Kolltveit) fekk også anløp av Øygar ein og to gonger i veka (Kolltveitruta). I 1920 vart namnet på selskapet endra til Hjelma og Herdla Dampskibsselskap L/L.
I eit veglaust distrikt med meir enn 40 stoggestader som skulle ha sitt anløp fleire gonger i veka, vart trongen for ein båt nr. 2 etterkvart tydeleg. Konkurransen frå motorbåtane hadde også etterkvart vorte så plagsam at selskapet ikkje hadde anna val enn å møte denne med auka tonnasje og betring av rutetilbodet. I 1923 kjøpte selskapet difor DS Odin på 157 brt. frå Trondhjems Lægterkompani. Odin var bygd som slepebåt ved Trondhjems Mek. Verksted i 1908. Kjøpesummen var kr. 62.000.- og med sertifikat for 238 passasjerar og 9 knops fart vart båten sett inn i rutene til selskapet sommaren 1923 med namnet Skjergar.

Båten synte seg imidlertid mindre høveleg. Den sterke dampmaskina var dyr i drift og båten var og tung å manøvrere i dei tronge farvatna og ved anløp av dei små bryggjene i ruteområdet. Den hadde såleis fleire ublide møte med kaiene og rende også iland, m.a. i Foldnesvågen. Selskapet valde difor å selje båten i 1925. Kjøpar var Vesteraalens Damp-skipsselskap i Stokmarknes. No fekk Skjergar namnet Børøysund, eit namn som båten framleis har, no som ein av dei få bevarte veteranane frå den store flåten av lokalrutebåtar som har trafikert kyst og fjordar. Etter dette vart det Øygar åleine som måtte gjere jobben gjennom resten av 20-åra. I sommarrutene med stor trafikk nytta selskapet i desse åra også ymse leigebåtar, m.a. motorkuttaren Kvernbit, Kongsø, Bergensaren, DS Frafjord og DS Rolf

Nye skip og fleire ruter (1930-1945)
        I 1930 såg selskapet seg endeleg råd til å auke tonnasjen igjen. DS Eira på 94 brt. vart innkjøpt frå Sandnes-Stavanger-Høgsfjord Dampsskipsselskap for kr. 20.000. Skipet var bygd i 1891 for Romsdals Dampskibsselskap og var noko mindre enn Øygar. Det var først meininga å gje skipet namnet “Sotra I”, men dette vart det ikkje noko av. Eira finn vi for første gong i vårruteheftet 1930. Med to båtar i fart kunne rutene delast opp i ei rute til dei nordre stadene i Øygarden og med endestogg i Hernar (Hernarruta) og ei rute som gjekk til stadene i Fjell og Ytre Herdla med endestogg i Blomvåg. (Blomvågruta).
Sidan 1923 hadde Tellevaagens Ruteselskap v/Nils Grimsen, Telavåg drive ein rute med motorkuttaren Tellevaag, ein ombygd fiskekuttar, med to turar for veka frå Telavåg i Sund til Bergen med anløp av stadene på vestsida av Fjell. Grimsen overtok i 1930 ein ny båt, motorkuttaren Tellevaag I, bygd ved Ottesens Skipsbyggeri på Sagvåg på Stord. I 1931 kjøpte HHDS både skipet og ruta for 57.000 kroner. Tellevaag I var på 84 brt. og hadde sertifikat for 160 passasjerar. Med berre ein rutebåt hadde HHDS tidlegare berre hatt ein tur i veka i si rute til Storesund. Storesundruta vart no forlenga til Telavåg i Sund og utvida til fire turar i veka.
Med dette var eit rutemønster etablert i selskapet sitt fartsområde som skulle stå ved lag til innpå 1960-talet. Disponeringa av båtane vart no i store trekk at Tellevaag I gjekk i Storesundruta, Øygar og Eira alternerte i Hernarruta og Kolltveit-Blomvågruta. I helge- rutene var det likevel til vanleg Øygar, som tok flest passasjerar, som gjekk i Kolltveit-Blomvågruta.
Hjelma tok til i ruta si hadde han kaiplass i Bergen ved Zachariasbryggen innst i Vågen. I 20-åra låg Øygar for det meste ved Murebryggen saman med båtane til Midthordlandske og HSD. Ei tid låg Øygar og Eira også ved Strandkaien. Men då den nye Torg-utstikkaren sto ferdig tidleg på 30-talet, vart dette den faste kaiplassen for båtane heilt fram til 1983, då westamaranen Øygar flytta til den nye terminalen for snøggbåtar: Strandkai-terminalen.
I 1930 var vegbygginga på Sotra kome så langt at det vart sett igang rutebiltrafikk på strekninga Brattholmen-Fjell-Møvik i korrespondanse med Dampskibsselskapet Topdal sine båtruter frå Bergen. Bilruta vart driven av L/L Rutebil Fjell, der Topdalselskapet hadde eigarinteresser. I 1935 vart første bilferja MF Sandsfjord sett i fart mellom Alvøen og Brattholmen. Ruta hadde korrespondanse med Topdalselskapet sine bilruter mellom Laksevåg og Alvøen. Desse rutene representerte den første knutepunkttrafikken i området. Det varte likevel til slutten av 1950-talet før vegnettet for alvor gjorde innhogg i trafikk­grunnlaget for båtrutene. Vegen frå aust til vest på Sotra åpna for rundturar der ein følgde rutebåten frå Bergen via stadene i Storesundruta til Møvik med retur med rutebil og ferje til Bergen.
Mot slutten av 1930-åra hadde økonomien i selskapet betra seg såpass at det kunne tingast ny båt. Motorskipa hadde no for alvor kome i lokalrutefarten og selskapet sitt motorskip nr. 2 vart tinga i januar 1938 frå Skaalurens Skipsbyggeri i Rosendal i Sunnhordland. I februar 1940 kunne selskapet overta MS Blomvaag. Som Tellevaag I var dette ein båt med skrog av tre. Tonnasjen var 164 bruttotonn, farten var 10 1/2 knop og sertifikatet lød på 261 passasjerar. Blomvaag hadde krysserhekk og var ein stasleg rutebåt som vart godt motteken i rutedistriktet.
Med tinginga av Blomvaag hadde nok selskapet planar om fleire ruter, m.a. var det trong for å dele den lange Kolltveit-Blomvågruta på to båtar. Men den andre verdskrigen sette stopp for planane. Alt i september 1939 vart Øygar rekvirert av Marinen til nøytralitetsvakt. 9.april 1940 låg han saman med fleire andre av lokalrutebåtane sør for Bergen. 22.april kom han i kamp med eit tysk marinefartøy ved Vaksdal i Sørfjorden og vart nær senka. Seinare på våren vart han teken av tyskarane og var under heile krigen i tysk teneste som vaktbåt.
I 1942 vart også Tellevaag I teken av tyskarane. Han kom til Telavåg i vanleg rute onsdag 29.april, dagen før tyskarane utførte Reichskommizår Terboven si ordre om å brenne heile bygda, evakuere befolkninga og arrestere alle menn mellom 16 og 65 år som hemn for drapet på to gestapooffiserar. Blant dei arresterte var 4 av mannskapet på Tellevaag I. Skipparen, Nils Grimsen, styrmann Håkon Grimsen, maskinist Gerhard Midttveit og stuert Gerhard Anton Midttveit, alle frå Telavåg. Alle vart sende til Tyskland, der 3 av dei døydde alt i 1942. Maskinist Midttveit overlevde. MS Tellevaag I vart beslaglagt og var i tysk teneste til 12.6.1945. Frå 1942 måtte rutene difor oppretthaldast av Blomvaag og Eira åleine.
Mot slutten av krigen førte dessutan oljemangel til at Blomvaag måtte gå i opplag. På generalforsamlinga i 1944 vart det vedteke ei modernisering av namnet til båtlaget, som no vart Øygardsbaatane L/L (frå 1950 Øygardsbåtane L/L).

Modernisering og nybygg (1945-1960)
        Sommaren 1945 var lokalskipsflåten sterkt nedsliten. Øygar og Tellevaag I hadde tyskarane teke over under krigen og dei var sterkt nedslitne, ja nærast kondemnable. Selskapet ønskte difor sjølvsagt å bygge nye båtar, men både økonomien i selskapet og ikkje minst materialmangel, gjorde det naudsynt å satse på ei opprusting og modernisering av eksisterande tonnasje som første steg. Først ut var DS Øygar (bygd 1908) som vinteren 1946/47 vart ombygd til motorskip og innreidd etter “sjøbussystemet” med ein stor salong på hovuddekket som gjekk heilt ut i borde og som auka reisekomforten vesentleg. Båten vart no sertifisert for 272 passasjerar og fekk auka tonnasjen til 178 brt. Ombygginga var omfattande og kosta nesten like mykje som eit nybygg. Vinteren 1948 fekk MS Tellevaag I ny motor og ny sjøbuss-salong på hovuddekket. Etter ombygginga var tonnasjen auka til 109 brt.
I desse åra opplevde selskapet også to alvorlege havari. 30.mars 1947 sank Eira i Blomvåg og måtte tiltross for at båten var svært gamal og på veg ut av flåten, påkostast ein dyr reparasjon for at rutene skulle oppretthaldast. Verre kunne det gått med Øygar som 31. januar 1948 gjekk på grunn på ei flu ved Sture. Med store lekkasjar vart han i siste liten landsett ved Tjeldstø.
Våren 1948 kunne selskapet kontrahere sitt andre nybygg, denne gangen hos Høivolds Mek. Verksted, Kristiansand S. Båten var av sjøbusstypen og likna mykje på Melanddrott (Alversund & Manger Dampbåtlag), Balholm (Fylkesbaatane) og Midthordland (Det Midthordlandske D/S) utan at dei kan reknast som søsterskip. 13. mai 1950 glei båten med namnet Hernar (221 brt.) inn på Vågen i Bergen. Dette var eit storhende for selskapet og rute-distriktet. Båten hadde store og lyse passasjersalongar både på hovuddekk og båtdekk og innreidnaden var i teak, bjørk og mahogni og med den tids moderne fasilitetar både i bysse og mannskapslugarar. Båten fekk sertifikat for 310 passasjerar og gjorde 12,5 knop. Med grått skrog og kvit overbygning og med sine fine linjer fekk Hernar ein sers vellukka utsjånad og representerte ei ny tid i samferdsla mellom Bergen og øyane i vest.
Selskapet hadde no fire motorskip og DS Eira vart i februar 1951 selt og seinare ombygd til fiskebåt. Same året vart Blomvaag modernisert ved at det vart bygd ny salong på hovuddekket og ein mindre salong på båtdekket samstundes som livbåtane vart flytta akterover. I 1955 fekk Øygar ny motor og ny overbygning på båtdekket med ny salong. Medan Tellevaag I og Blomvaag framleis hadde svarte skrog, vart skroget på Øygar malt grått.
Siste steg i denne moderniseringa av flåten fann stad i februar 1957 då selskapet overtok MS Vestgar frå Høivolds. Mek. i Kristiansand S. Vestgar var på 213 brt. og var i hovudsak bygd etter same mål som sjøbussen Hernar. Båtane skilde seg likevel frå kvarandre ved at Vestgar fekk større innebygd salong på båtdekket og ved at bakken var høgare. Passasjersertifikatet vart no sett til 252 på begge sjøbussane. Tellevaag I gjekk no i opplag og var berre i fart som avløysingsbåt eller utleigd til andre selskap.
Det var forøvrig ikkje berre båtmateriellet som vart modernisert etter krigen. Også administrasjonen vart utbygd for å utvikle selskapet til eit moderne rutelag. Frå starten av hadde selskapet ikkje si eiga administrasjon eller ekspedisjon i Bergen men desse tenestene vart utført av ymse andre selskap og personar. M.a. var Jacob Misje & Co. selskapet sin ekspeditør i Bergen i mange år. Men i 1947 vart Georg Tjeldstø valt både til styreformann og disponent for ØB og fekk til oppgåve å byggje opp ein eigen administrasjon for selskapet. Fyrste tida hadde han berre ein kontorpult på kontoret til Jacob Misje med adresse Strandkaien 16, men i 1951 fekk selskapet eigne kontorlokaler i Rådstuplass 2 i Vestlandsbanken sitt bygg.
Ruteskipnaden var i etterkrigstida og fram til ca. 1960 mykje lik rutene frå 1930-åra med innpå 50 stoggestader frå Nordøysund i nord til Telavåg i sør. Etter at selskapet frå slutten av 1940- åra disponerte 4 båtar, fekk Kolltveitruta sin eigen båt. For å auke inntektene satsa selskapet i sommarrutene sterkt på skjergardsturar for byfolk og andre turistår som ønskte seg ei oppleving av den særmerkte skjærgardsnaturen. Kvar sundagsmorgon kl. 0830 gjekk dei 4 rutebåtane i kvar si rute til kvar sin endestoggestad (Kolltveit, Telavåg, Blomvåg eller Nordøysund) og med retur til byen om kvelden. Rundreisebilletten kosta på den tida frå kr.7.50 til kr. 10.-. (1959) og det var også høve til å få kjøpe seg middag ombord. Desse “Søndagsturane i Skjærgarden” vart svært populære og vart følgt opp av ettermiddagsturar kvar torsdag med Hernar og Vestgar nordover Hjeltefjorden til Hernar og med retur over det opne havstykket på vestsida av Øygarden og så gjennom Herdlafjorden attende til Bergen.
Utover i 50-åra vart det arbeidd på fleire kommunale vegar og bygdevegar både å Sotra og i Øygarden men det mangla framleis mykje på at vegnettet var knytt saman på ein slik måte at båtrutene kunne avløysast av landverts ruter. I Fjell var det berre vegen frå Bratt-holmen via Fjell til Møvik og med ideveg til Kolltveit som vart trafikkert av rutebil. Men i 1953 kunne Øygardsbåtane setje igang bilrute Solsvik–Akngeltveit-Landro-Vindenes i korrespondanse med rutebåt frå/til Bergen, Våren 1957 sette Nils Garmann i Storesund inn ein bygderutebåt frå Møvik til Lokøy og fleire andre øyar vest for Sotra. Det var den tidlegare MS Sundbussen, som frå 1950 hadde gått i rute frå Hjellestad i Fana til Klokkarvik i Sund, og som seinare vart overteken av ØSR. 1. juli 1958 vart vestsidevegen på Sotra mellom Møvik og Polleidet opna. Dette førte til strid mellom Øygardsbåtane og Sotra Billag om konsesjonen for rutebiltrafikk i Nordre Fjell.
Hausten 1958 vart også fyrste del av Øygardsvegen (parsellen Hellesøy-Tjeldstø) ferdig. Selskapet sette inn to 40-seters bussar i rute og Tjeldstø vart knutepunkt for stadene i nordre Øygarden i korrespondanse med rutebåt frå/til Bergen. Øygardsbåtane var dermed blitt eit rutelag for både sjø- og landverts trafikk. Både for Hernarruta til nordre Øygarden og for Storesundruta til vestsida av Sotra førte såleis nye vegar til at rutene mista passasjerar og vart oppretthaldne som lasterutar.

Frå sjø til land (1960-1970)
        Etter krigen auka dei offentlege tilskota til rutedrifta sterkt. For å få til ei meir effektiv og betre samordna samferdsle arbeidde styresmaktene målretta for ei samanslåing av dei mange mindre rutelaga til større einingar som hadde eineansvar for samferdsla i sitt område. I Fjell kommune var det i 1950-åra 3 selskap som hadde sine ruter, tildels i konkurranse med kvarandre. Rutelaget Bergen-Vest (Tidl. D/S Selskapet Topdal) dreiv bilferjeruta Alvøen-Brattholmen samt båtruter til austsida av Fjell med Brattholmen som knutepunkt og i korrespondanse med Sotra Billag (tidl. L/L Fjell Rutebil) sine bussruter som etterkvart femnde om store delar av kommunen. I tillegg gjekk Øygardsbåtane framleis i Kolltveitruta og Storesundruta og dreiv bilruter i nordre Fjell. Det låg lenge i korta at ei samanslåing var nødvendig ikkje minst etterkvart som fleire og fleire av bygdene vart knytta til vegnettet. Etter forhandlingar mellom styra i Sotra Billag og Øygardsbåtane vart det hausten 1959 vedteke å slå selskapa saman frå 1. 1. 1960.
Det nye namnet på selskapet vart Øygarden & Sotra Rutelag L/L (ØSR) og i styret for selskapet skulle det sitje to menn frå kvar av kommunane Sund, Fjell, Herdla og Hjelme og ein frå Bergen. Med verknad trå 1. 6. 1962 overtok det nye selskapet også båtruta som Rutelaget Bergen-Vest hadde til Brattholmen og mellomstader. Rutebåten Lyderhorn (bygd 1942) som gjekk i ruta, vart kjøpt for kr. 160.000.- og fekk namnet Fjellgar. Selskapet hadde no 6 rutebåtar, og gamle Tellevaag I vart i 1965 selt til opphogging.
Med desse samanslåingane og overtakingane fekk selskapet også hand om alle ruter på Sotra (Fjell og Sund kommunar) med unnatak av bilferjeruta Alvøen-Brattholmen (Rutelaget Bergen-Vest) og bilferjeruta Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik (A/S M/S Sundbussen). I 1960 etablerte Sund kommune eit ferjesamband mellom Toftarøy og Steinsland med MF Bilfergen. Ferja og ruta vart året etter overteke av ØSR som dreiv ruta til her kom bru i 1975. Bilfergen seiest å vere landets første spesialbygde bilferje (1921) og gjekk i mange år for Møre og Romsdal Fylkesbåtar. ØSR selte ferja i 1973 og leigde istaden MF Vatna frå Rutelaget Bergen-Vest. MF Bilfergen er nyleg heimkjøpt av MRF og ligg no i Molde.
Våren 1960 starta ØSR opp to motorbåtruter med innleigde fartøy til øyane vest for Sotra: Ruta Møvik-Lokøy-Flogøy-Storesund-Syltøy-Hitsøy og ruta Sekkingstad-Langøy-Algrøy-Dyrøy. På Møvikruta gjekk MB Flæsen. Dette var den tidlegare Sundbussen til A/S M/S Sundbussen, som gjekk i personrute mellom Hjellestad og Klokkarvik frå 1950 og fram til 1957, då dette sambandet vart bilførande med MF Sundferja. Samstundes vart Storesundruta sør for Solsvik korta ned frå 3 til ein 1 tur i veka. Frå 1. 6. 1962 vart Kolltveitruta lagt ned som eiga rute og dei stadene som enno ikkje hadde vegsamband, vart betjente av båten i Storesundruta. I sommarhalvåret gjekk det likevel eigen båt i Kolltveitruta fredag/laurdag/sundag fram til og med sommaren 1971.
I Storesundruta gjekk til vanleg Øygar medan Blomvaag gjekk i Kolltveitruta. Hernar og Vestgar alternerte i Hernarruta og Blomvågruta. Fjellgar gjekk til vanleg i ruta Bergen-Knarrevik-Brattholmen men alternerte delvis med Blomvaag.
Frå sommaren 1962 vart det også sett igang bilrute mellom Blomgangstø og Blomvåg. Ved kommunereguleringane i 1964 vart ytre delar av Herdla kommune slått saman med Hjelme kommune til Øygarden kommune med kommunesenter i Tjeldstø. For å betre dei interne kommunikasjonane i øykommunen og særleg etter innføringa av ungdomsskule frå 1966, kjøpte ØSR sommaren 1966 to bygderutebåtar til lokale ruter i Øygarden. Det var Sundbuss Henrik og Sundbuss Pemille som tidlegare hadde gått i rute i Øresund og som no fekk namna Holmgar og Utgar. Holmgar vart sett inn i lokal- og skulerute Tjeldstø-Herdlevær-Ovågen-Blomgangstø-Rong-Toft. Utgar vart sett inn i ny lokalrute Tjeldstø-Hellesøy-Hernar-Nordøysund.
Gjennom 1960-åra gjekk likevel dei trufaste rutebåtane Vestgar, Hernar, Øygar og Blomvaag sine vante seilingar i Hernarruta, Blomvågruta, Storesundruta (no Ågotnes-Turøy) og Kolltveitruta (sommarrute Bergen- Ormevik m/mellomstader.)

Nye fastlandssamband Bilferje og snøggbåt til Øygarden (1970-1986)
        Ved inngangen til 1970-åra sto selskapet framfor to store hendingar som ville endre rutemønsteret radikalt både på Sotra og i Øygarden. Laurdag 11. desember 1971 vart Sotrabrua opna. Dette ga fastlandssamband for heile Sotra og selskapet sine bussar kunne no køyre heilt fram til Busstasjonen i Bergen. Frå same dato vart båtruta Bergen-Knarrevik-Brattholmen innstilt og Fjellgar gjekk i opplag.
Ettersom vegane og bruene batt saman fleire av øyane i nord, reiste kravet seg om bilferjerute til Øygarden. Det ville enno ta mange år før kommunen fekk fastlandssamband med Sotra, men det vart arbeidd sterkt for å få bygd ferjeleier i Solsvik og ved Rongesundet slik at det kunne opprettast ei bilferjerute. Sjølv om realiseringa av dette ferjesambandet lå nokre år fram i tida, fekk ØSR i 1970 løyve til å tinge ei bilferje. Ordren gjekk til Skaalurens Skibsbyggeri i Rosendal. Ferja skulle ha kapasitet til å ta 22 bilar og ca. 230 passasjerar og skulle inntil fast ferjesamband Rongesund-Solsvik kunne opprettast, setjast inn i rute mellom Bergen og aktuelle stader i Øygarden. Inntil ferja vart levert hadde selskapet prøvedrift sommaren 1970 med MF Valestrand ei tur for veka mellom Alvøen og Tjeldstø og sommaren 1971 vart Blomvaag sett inn i bilførande rute Tjeldstø-Ovågen-Herdla og Tjeldstø-Solsvik med mellomstader. Blomvaag hadde iflg. ruteheftet for sommaren 1971 kapasitet på 3 bilar.
Nyeferja vart levert i Bergen 26.mai 1972 og fekk namnet Skjergar. Gudmor var Kirsten Ulveseth, kona til styreformann Ingvald Ulveseth. Ferja gjekk inn i sommarrutene som tok til 10. juni 1972 og utførte både bilferjeruter mellom Tjeldstø og Solsvik og Tjeldstø og Herdla men hadde også ruter frå Bergen som ordinær lokalrutebåt i Ågotnes-Storesundruta og Bergen-Tjeldstø. Ferja avløyste såleis også det eldste skipet, Øygar, som no gjekk i opplag i Florvåg på Askøy og vart avløysingsskip etter 54 år i trufast fart. Blomvaag vart selt i 1973 og Fjellgar, som i oktober 1972 hadde fått namnet Fjellgar Senior, vart selt i 1974, begge til kjøparar i England.
I 1972 sette selskapet også igang ei bygdebåtrute Solsvik-Turøy-Misje-Vik med motorbåten Fjellgar (tidl. Høydalsfjord). Ruta vart frå 9. 11. 82 innkorta til Turøy då Misje fekk bru. På forsommaren 1975 var ferjeleia i Solsvik og Rongesund ferdigstilte og Skjergar kunne frå 15.juni gå inn i bilferjeruta Solsvik-Vik-Rongesund som han var bygd for. Med 6 turar dagleg kvar veg og med korresponderande bussruter Hellesøy-Rongesund og Solsvik-Bergen hadde Øygarden fått eit heilt anna rutetilbod enn for berre få år sidan, då rutebåten gjekk til byen 4 gonger i veka.
Men reisetida var framleis lang og langs kysten hadde katamaranane alt i fleire år halvert reisetid på mange strekningar. ØSR ønskte også å kunne tilby eit slikt ruteopplegg for Øygardsfolket. Dette kunne m.a. gjere det mogleg med dagpendling til Bergensområdet. Etter at styresmaktene i fleire år hadde stilt seg negative, fekk ØSR i 1974 klarsignal for tinging av ein hurtigbåt frå Westermoen Hydrofoil A/S i Mandal.
23. september 1975 vart båten overlevert frå verkstaden i Mandal og fekk av gudmora, Magnhild Tjeldstø, namnet Øygar, og det var ein stolt direktør Georg Tjeldstø som på pre- sentasjonsturen 29. september kunne fortelje at båten ville tilbakeleggje turen Bergen-Torsteinsvik-Rongesund på 45 minuttar. Passasjertalet var 140 og farten 28 knop. Frå 5.oktober 1975 gjekk Øygar inn i rute med 5 daglege turar til Bergen. Hernar vart no reserveskip og opplagt i Florvåg på Askøy medan Vestgar gjekk inn i ei kombinert laste- og passasjerrute til veglause stader i ruteområdet.

“Dar gjekk dampen”
        Med Vestgar som einaste attverande av selskapet sine tradisjonelle fjordabåtar i fart, var det klart at det gjekk mot slutten for denne epoken. Hernar var riktignok i fart som avløysingsbåt for BNR i ruter til Osterfjorden/Mo hausten 1975 og ved Øygar og Vestgar sin vårpuss, men i juni 1978 forlet denne trofaste fjordabåten Bergen for siste gong med kurs for England.
Trafikken med bilferja Skjergar auka på særleg i helgane og i sommartida. Det var difor trong for ei avløysings- og suppleringsferje. Selskapet fekk hand om HSD sin bilferje Rosendal våren 1979. Denne skulle i tillegg til ferjeruter også gå ein tur for veka i ei godsrute frå Solsvik til dei veglause stadene Ramsøy, Misje, Turøy, Algerøy, Storesund, Lokøy og Hernar i korrespondanse med godsbil frå Bergen. Ferja overtok namnet Vestgar og gjekk inn i ruta 1. juni 1979.
Vestgar kunne då takast ut av ruta og seljast. I løpet av dei seks åra frå 1973 til 1979 hadde rutelaget altså kvitta seg med alle dei fem fjordabåtane sine. Som siste tradisjonelle fjordabåt til Øygarden gjekk Vestgar (no med namnet Vestgar Senior) frå Torgutstikkaren i Bergen onsdag 30.mai 1979 kl. 1300 med anløp av Geitanger, Ramsøy, Hernar og Nordøysund med retur til Tjeldstø der han gjekk i mellombels opplag. Til Geitanger vart det frå same tid sett opp ei motorbåtrute frå Knappskog utført av motorbåten Njøten (leigd av BNR) og seinare av leigebåten Reidun. Lokal-båten Vestgar vart same året kjøpt av Pinsemenigheten Filadelfia, Oslo, og har under namnet Fredsbudet i åra sidan farta langs heile Norskekysten som misjonsskip.
I 1978 vart bygderuta Tjeldstø-Toftøy lagt ned og Holmgar vart reservebåt. I august 1980 vart Utgar selt og Holmgar gjekk inn i Utgar si rute. Utgar vart selt same hausten med overlevering når ny båt var på plass sommaren 1981.
I tillegg til buss- og bilferjedrifta hadde selskapet no desse bygdebåtrutene:

1972 Møvik-Storesund-Lokøy-Flågøy-Syltøy-Hitsøy: MB Flæsen

1973 Sekkingstad-Algerøy-Langøy-Dyrøy: MB Sjøgar

1974 Solsvik-Misje-Turøy: MB Fjellgar

1975 Hellesøy-Hemar-Nordøysund: MB Holmgar

1976 Knappskog-Geitanger: MB Njøten
Desse båtane var tildels gamle og dyre i drift. Det vart difor i september 1980 tinga 4 nye bygderutebåtar. Kvar av båtane skulle ta 44 passasjerar og ha kran for frakt av lettare gods og med 2 manns besetning. Båtane kosta samla 4,6 mill.kr. og ordren gjekk til Fjell­strand Aluminum Yachts i Omastrand i Hardanger. Båtane vart sette i fart våren og forsommaren 1981. Utgar, Holmgar, Flæsen og Sjøgar vart seide i 1981 og 82. Dei nye båtane fekk namna Utgar, Holmgar, Sundgar og Sjøgar. Fjellgar vart overført til ruta Knappskog- Geitanger juni 1981.
I 1984 og 1987 fekk øyane vest for Sotra brusamband og båtrutene frå Møvik og Sekkingstad vart lagt ned. I 1984 overtok også ØSR MF Sundferja og bilferjeruta Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik frå A/S M/S Sundbussen. Ferja fekk i ØSR namnet Fjordgar. Fjordgar (I) vart i 1990 erstatta av MF Torulf (MRF) som også overtok namnet til gamleferja.
Bilferjeruta Rongesund-Vik-Solsvik hadde framleis stor trafikkauke og i 1985 vart MF Lindås innleigd frå Bergen-Nordhordland Rutelag. Samstundes vart Vestgar selt. Midt på 1980-talet nærma det seg fullføringa av Øygardsvegen med bruer mellom Toftøy og Misje og mellom Sotra og Misje. Siste lekk i dette vegprosjektet var opninga av Rongesundet bru, som fann stad fredag 18.april 1986. Med dette var Øygarden knytt saman med vegnettet på Sotra og den gamle draumen om fastlandssamband for kommunen var oppfylt. Bilferjene kunne gå i opplag.
Ei tid freista selskapet å oppretthalde snøggbåtruta med Øygar, men dei reisande var trulause og føretrekte bil og buss framfor rutebåten sjølv om reisa til Bergen tok lenger tid, og 4. juli 1986 gjekk Øygar sin siste tur frå Bergen til Rongesund. Med dette var det slutt på den omlag hundre år gamle sjøvegen mellom Bergen og Øygarden. Båten vart same året selt til HSD men vart heitande Øygar fram til 1988 då han vart omdøypt til Teisten.
Med direktør Georg Tjeldstø som leiar hadde det vesle reiarlaget gjennom etterkrigstida vakse til eit integrert ruteselskap med ca. 130 fast tilsette og med eit tidsmessig materiell i form av bussar, godsbilar, bilferjer og lokalbåtar. Etter 30 års teneste gjekk Tjeldstø frå borde i 1977. Ny direktør vart Bjørn Lines. I 1980 flytta selskapet sin administrasjon “heim” frå Bergen og inn i leigde lokaler på Straume i Fjell. I 1986 kunne selskapet endeleg ta i bruk nytt og flott administrasjons- og verkstadbygg på Straume på Sotra. Direktør Lines slutta i selskapet i 1986 og overlot roret til Bjørn Ove Bømes.

Mot slutten som eige rutelag (1986-1991)
        Det aller meste av rutetrafikken gjekk no på veg, og 75 år etter starten hadde lokalrutereiarlaget Øygardsbåtane vorte eit rutebilselskap. Av sjøverts ruter hadde ØSR no berre att bilferjeruta Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik og 5 bygdebåtruter til dei veglause stadene Geitanger, Turøy, Dyrøy, Tyssøy og Hernar. Hausten 1991 vart også Turøy knytta til vegnettet i Øygarden og dermed kunne motorbåtruta Solsvik-Turøy leggjast ned.
Frå årsskiftet 1991/92 vart dei tre rutelaga som trafikkerar områda vest for Bergen slått saman til eit nytt selskap, Vest Trafikk A/S med eit ruteområde som dekker kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden i tillegg til bydelen Loddefjord i Bergen. Selskapet er ei samanslutning av Rute-laget Bergen-Vest A/S, Øygarden & Sotra Rutelag L/L og rutebildelen av Rutelaget Askøy-Bergen A/S. Ny sjef vart ØSR sin adm.dir. Bjørn Ove Børnes.
Punktum er dermed sett for Øygards­båtane si 80-årige historie. Utviklinga har vore formidabel frå det vesle dampskipet Hjelma tok til i si rute nordover Hjeltefjorden i 1911 og fram til katamaranen Øygar, som etter berre 11 år i teneste vart innhenta av utviklinga med stadig fleire vegar og bruer. Dei kjente og kjære Øygardsbåtane: Øygar, Eira, Tellevaag I, Blomvaag, Hemar og Vestgar var gjennom årtier det trufaste sambandet mellom bygdene i vest og byen. Ved Torgutstikkaren i Bergen hadde dei sin faste plass frå kaia var ny omkring 1930, og mange minnest det yrande livet på kaia før avgang om laurdagane i ferietida med levering av alle slags varer og med eit mylder av folk; havstrilar og bergensarar på veg til hytta, alle skulle ombord. Eller den festforestillinga det var å sjå alle fjordabåtane dampe ut Vågen i tett stim. Men det var ikkje berre sommar og solgangsbris. I eit verhardt og ureint farvatn segla dei i ruter sine i alle desse åra; sommar som vinter, i nattemørke, snøtjukne og skodde, utan alvorlege ulukker og tap av menneskeliv. Dette seier mykje om godt sjømannskap av dei mange som gjennom åra var mann-skap ombord i båtane.
No er det lystbåtane som ligg ved Torgutstikkaren. Landhandlarane har stengt døra, og dei mange dampskipsbryggene i øyriket ligg attgløymde og speglar seg stille i fjorden, medan dagens “havstrilar” hastar avgarde i bil til Sartor Senter, som er den nye møteplassen.

Avskrift ved Per Sundfær 26/07-2018.